Allidrettslaget IL Norodd
Om ikkje mange dagane er det 17. mai. Då må alle noroddarar - store som små vere med å gå i Borgartoget. Det er oppstilling i Bendixensgate kl. 15.45. Men før den tid skal Norodd arrangere Skolestafett for 4. til 7. klassetrinn, og det er kl. 14.40. Plassen i toget er nr. 11 - mellom Karateklubben og Fjellklubben.
Nå er det gjort! Norodd arrangerte det første Kaffimøte i nye noroddlokalet på Atlanten stadion. Og det så ut til at det freista, for så stort frammøte (19 stk.) er det lenge sidan vi har hatt . Det lovar godt! Både Helge Kruse og Johan Aas hadde innlegg på møtet. Helge laga ei oppsummering av starten av Norodd til i dag, medan Johan orienterte om den nye tida som startar nå med dei fine lokala vi har fått. For dei som ikkje hadde vore der før, var det omvising i dei nye treningslokala. Treng du eit lokale for å arrangere ein konfirmasjon eller ein 50-årsdag er desse lokala midt i blinken. Er du noroddmedlem og har ein "app", kan du trene etter at VGS er ferdig for dagen eller har fri, eller når det er helg. Mulegheitene er store. Kva med ei varm badstue etter at du er ferdig med ei hardtrening - ute eller inne? Som de ser er ikkje alt på plass ennå, men det blir, det blir! Referat frå møtet, skreve av Ola, finn du her.
Er du ukjent her i byen kan du bruke kartet du ser under for å finne Atlanten stadion og det nye klubbhuset til IL Norodd.
Skreikvelden med Årsmøte er over for denne gongen. Ein skreikveld er ein skreikveld der det både er lever og rogn attåt skreien. Og denne gongen var det rikeleg av skrei, lever og rogn. Bra!! Etterpå var det kaffi og kaker - og sjølvsagt loddsal. Det nye styret besår no av: Ronny Myrset, Ola M. Hilstad, Tor Larsen og Henry Opland. Styret konstituerer seg sjølv.
Hei igjen. Dagane går fort, nå er det alt blitt mars. Og fordi første onsdag i månaden var den første mars har vi derfor arrangert Kaffimøtet vårt nr. 3 for i år, og det kan kanskje bli lenge før neste møte. Det er fordi første onsdag i april er i "den stille uke", og då er det ikkje sikkert at det er så mang att i byen. Men derfor har eg eit genialt forslag: vi arrangerar eit "prøvemøte" i vårt nye lokale på Atlanten stadion, om det då vert ferdig til då. Møtet 1. mars vart særs innhaldsrikt. Vi hadde fått leiaren i Norodd, Johan Aas, til å fortelle om arbeidet med lokalene, og innkjøp av utstyr med stor rabatt. Kvar krone lel!! Frammøtet var omtrent som vanleg, så det er plass til mange "nye" medlemar! Bilete av deltakarane ser du under. Her er Referatet frå Ingard.
Det første NM for veteranar er over, men det kjem fleire. Om ikkje så lenge kjem NM veterana utandørs (23. - 25. juni) på Modum, så det er berre å trene vidare. Derfor får du eit nytt Treningsprogram for februar og mars. Klikk her.
Hei igjen. Trur du sanneleg at det er blitt ein ny månad - februar - og første onsdagen er sanneleg den 1. Oppmøtet var kanskje det største på lang tid så det er håp om at Kaffimøta kan halde fram. Ennå vil det nok gå tre Kaffimøtar til før vi kan flytte inn i nye lokalar på Atlanten sadion. Men då skal det bli stas. Referatet ser du her.
No er vi i gang igjen. Første Kaffimøte i 2023 vart halde 4. januar. Mestparten av møtet handla om Arvid Fjærlis bragder på friidrettsbanen. Men nok en gong vart det tid til ny orientering frå arbeidet på det nye Noroddlokalet på Atlanten stadion. Servering av kaffi og vaflar vart det og. Det blir dugnad på rydding av Noroddhuset onsdag 11. januar kl. 18.00. Her ser du referatet.
Ekstraordinært Årsmøte i IL Norodd. Sak 1. Ta opp lån til vidare utbygging av "nye" Noroddlokalet på tribunetaket på Nye Atlanten stadion. Grunn til opptak av nytt lån er dels meirkosnadar på utstyr, dels oppgradering av div. ting inne i huset. Ferdigstillinga vil med god margin vere 1. april. Til høgre ser du Styret i IL Norodd. F.v. rundt bordet: Ole Birger Ulseth, Helge Kruse, Hilde Haugen, Ronny Myrseth, Ola Hilstad, Astri Sjåvik og Johan Aas. Nedafor, deltakarane på årsmøtet.
Dette var 8. og siste Kaffimøte for i år, men det er von om fleire på nyåret. Men snart må vi ut av vårt kjære Noroddlokale! Opprinneleg skulle ny-lokalet på Atlanten vere ferdig til 1. april, men rykte går om at det blir forseinka! Inntil vidare får vi feire Jul. Oppmøta på Kaffimøta våres har stabilesert seg på 12-13 stykker. Her er referatet.
Her ser du Seniorfesten saltkjøtt og stappe 4. november, sett gjennom kameralinsa.
Det er blitt november den første onsdagen - derfor Kaffimøte og det 7. for i år. Sjølv om vi var få så heldt Ann-Mari ein fin tale til Ingjerd som for nokre dagar sidan fylte 70 år. Ingjerd har vore med i Friidrettsgruppa lenge som trenar, sekretær og mange andre ting.
I kveld var vi på omvising i det som skal bli det nye Noroddhuset- bileta talar for seg sjølv korleis det blir.
Det er kanskje ikkje så store endringarar utvendig bortsett frå at gjerde rundt banen held på å komme på plass, og taket er kommet på. Men på tysdag kl. 17.00 blir alle inviterte til å møte opp for å sjå og høyre korleis det ligg an med framdrifta. Så møt opp på Atlanten stadion for å høyre/sjå på Noroddhuset.
Hei. Nå ligg nytt treningsprogram som går heilt til slutten av januar. Du finn det her.
Det er haust og då pleiar vi å start innetrening. Det blir i Nordvesthall 1 på tysdagar kl. 19.30 og torsdagar kl. 19.00. På laurdagar er det på Fosna Frisk (Oddbjørn) frå kl. 13.00 til kl. 15.00. Den første timen er vi ute. Dette er først og fremst mynta på senior og veteranar. Den første styrkeprøven blir NM veteranar i Stangehallen (utafor Hamar) 28.-29. januar 2023.
Tenk om -- bade i den Blå Lagune. Det er det store muligheite for at du kan dersom du blir med på Nordisk Veteranmeisterskap i Reykjavik 24.-26. februar 2023. Nå er det tid til å tenkje, skal skal ikkje. Sjølve invitasjonen er ennå ikkje komen, men kjem snart. Ein annan viktig dato er NM veteranar ute på bane på Modum 23. - 25. juni. Sist vi var der overnatta vi ved foten av hoppbakken i Vikersund! Her ser du deltakarane sist vi var på Island i 2008. Om du vil kan du lese resultatlista frå 2008 her. Start treninga nå!!!
Det skjer mykje og raskt på Atlanten stadion, berre sjå på dei tidlegare bileta!
I morgon er det IDRETTSMERKE-prøvetaking på Straumsnes stadion med start kl. 17.00. Det er enklare enn du trur, så møt opp!
Hei. Nå er eit nytt treningsprogram klart. Du finn det her. Fram til ny sesong startar 1. november er det ei roleg trening!
Nå er alle tre deltakarane vel tilbake i Kristiansund med sine medaljar. Dei tre var: Arvid Fjærli MV90-94, Tron Ivar Kjønnø MV65-69 og Bernt Egil Solvik MV60-64. Til saman kom dei heim med 6 gull, 2 sølv og 2 bronse. Resultata og kven som fekk medaljane finn du her.
Terminliste for Møre og Romsdal Friidrettskrets kan du lese her.
Det første Havmaraton i Kristiansund, med IL Norodd som arrangør er vel i hamn. Arrangementet har gått bra, med over 200 deltakarar - som kanskje var i overkant forventa. Berre så synd at veret ikkje spela på lag. Regnet så like vel ikkje ut for å ha lagt nokon dempar på arrangementet. Når du først er komen i gang med løpet, så spelar litt regn ikkje så stor rolle. -- Og etter på var det fest!
(18050522) Mjau. 17. mai er over, og bra er det - for kortare Norodd-borgartog er lenge sidan. Kor var alle noroddarane, spesielt Friidrettsgruppa?
(060620) Nytt Kaffimøte - det siste på denne sida av sommaren - 3. juni. I desse koronatider drista vi oss på ei ny samling - og det såg ut til å passe 17 stk. Alle (minus 1) kan du sjå her.
(271019) IL Norodd vart feira med Jubileumsfest som 90-åring 26. oktober på Quality Hotel Grand. Omlag 90personar hadde funne sin plass. Det var underhaldning med musikk frå Operaen, tale og song. Det var også laga biletframsyning/video på storskjerm. Jubileumskomiteen besto v Jan Helmersen, Ann Jorunn Sagli, Helge Kruse og Oddbjørn Lomundal. Borda var pent pynta som dette biletet synar. Fleire bilete finn du her.
Det er mai og vi feirar frigjeringsdagen, men også det 7. Kaffimøte. Om det er orsaka til det dårlege oppmøte e ikkje lett å seie, men iallfall var desse til stades: Ingjerd, Tor, Marit, Ivar, Helge, Wenche, Ola og (Henry). Temaet denne dagen var som vanleg Fødeavdelinga og Atlanten stadion. Men også skolestafetten på 17. mai som Norodd har ansvaret for, vart drøfta. Norodd fyllar 90 år i år, og då var det naturleg at det blir drøfta korleis dette skal feirast. Gruppa vedtok å blåse støv av Noroddposten som kom ut for nokre 10-år sidan. Her ifrå kan ein "klippe" ut historiar frå gamle dagar - og legge til nye. Helge, Arnt og Henry sa seg villig til å vere med i ein komitè som skal sy saman ein ny jubileums Noroddpost. Oppfordring: Møt opp i Borgartoget 17. mai og då helst i norodd-drakt.
Her er den nye Atlanten stadion, men det er ei stund til han er ferdig til bruk. Kanskje på slutten av 2020!
Styret i Hovudlaget for 2019. Årsmøte 27. mars
Det er første onsdagen i april, og då var det eit nytt Kaffimøte - det 6. i rekka. På møtet var det i tillegg til kaffi og kaker, orientering om korleis Friidrettsgruppa hadde oppretta undergrupper til å ta seg av økonomi, arrangement og trening. Ann-Mari orienterte om rokkering i gruppene 1, 2, 3 og 4. Det var litt mindre oppmøte denne gongen som biletet viser. Ingjerd, Marit, (Henry), Helge, Ivar, Ingard, Ann-Mari, Sverre, Geir, Arnt, Ola og Tron.
Nå er Skreikvelden i regi av Seniorguppa ein saga blott. Men minne om dårleg skrei med lever og rogn vil leve lenge. For dei som har levd ei stund og har greie på kvalitet, vart skuffa (vonbrotne). Det er sikkert på denne måten ein skal gjere det for å få færre til å delta. Høyrde dei som sa at dette ville dei ikkje vere med på! Men kaffien og andre drikker var vertfall gode. Her er eit bilete av sjefsloddseljaren Hika, og fleire bilete finn du her.
Hei. det lakkar mot Årsmøtetider. Her har vi eit styremøte i Hovudlaget før årsmøtet 27. mars. F.v. Paul Hole (triatlon), Oddbjørn Lomundal (Hovudlaget), Ola Hilstad, Hilde Haugen, Linda R. Knudsen, Johan Aronsen (svømmegruppa), Ole Birger Ulseth (friidrett), Jonas Holten, Tron Kjønnø, Ann Jorunn Sagli, Trond Erik Wollan (sykkel) og Helge Kruse.
En hyggelig sosial samling med et par mer formell karakter som følger.* Ann-Mari orienterte om og motiverte til størst mulig deltakelse til en planlagt offensiv for å fornye og få utdannet flere dommere.
* Ingard orienterte om at strategigruppa har satt opp et involveringsmøte i lokalet mandag 28.01 kl. 18.00. Det er viktig at flest mulig møter.
NESTE kaffemøte: Onsdag 6. februar kl. 11.30.
Krs. 09.01.2019. Referent: Ingard W.
F.v. Marit, Harald, Ingjerd, Sverre, Ivar, Ingard, Ann-Mari, Erling, Tor, Ola, Arnt, Wenche og (Henry)
Nyttårs-ønske: Få leire med i NM friidrett for veteranar.
NM innandørs: Nes Arena 9. - 10. mars.
NM Stafettar: Lillehammer 25. - 26. mai
NM Utandørs: Furumoen (Modum) 21. - 23.juni
Den NYE Atlanten stadion er snart ferdig ....! Men vi må nok vente til slutten av 2020 før han er ferdig og kan tas i bruk. fLikevel flott at vi endeleg kan få ny bane. Fleire bilete finn du her.
Hei. Herser du ein del av deltakarane i Norodd 75-årstoget 2014. Som det går fram av stiftingsdatoen er det ikkje lenge til vi blir 90 år, og det er i 2019! Derfor er det på tide å sette i gang planlegginga av "fæsten" nå!F.v. ser du: Harald Krakeli, Hika Kaciniz, Arvid Fjærli, Emil Rødsand, Gunnar Eckhoff, Åse Tøsse og Harald Søbstad.
Norodd-lover godkjent 24.01.2017. Du finn dei her.
Seniorlaget har som vanleg ein Haustfest og ein Vårfest. Haustfesten medsaltkjøt og stappe med "noko attåt" var fredag 19. oktober. Deltakartalet var ikkje det største, men for dei som var der var det bra nok. Før maten var det ei orientering/oppsummering av arbeidet med Atlanten stadion. Arbeidet er i bra rute, men det blir neppe nokon bruk av stadion før ut i 2020! Her er trekløveret som orienterte. Fv. Ronny Myrset, Ann-Mari Hammer og Tron Kjønnø. Fleire bilete vil du finne her.
Hei. Kvifor er det så få frå Norodd som deltek i Torvikbukt Rundt? Som einaste aktiv utøvar var det berre Helge Råket! I tillegg var det ei handfull som stilte i klassen utan tid. Løypa er riktig nok 13,5 km, men deat er eit fint løp. I år hadde arrangøren elektronisk tidtaking med fotlenke, og på skjerminne i Idrettshallen var det ei tavle som viste tida ved passering av eit kontrollpunkt i Hoppbakken, og naturlegvis ved målgang. Her ser du løypetraseen. resultatlista finn du her.
Freikollen Opp 2018 er over (15. sep.) og mange sleit seg opp dei 629 metrane i regn og blest. Deltakartalet i aktivklassen var omtrent som i fjor (korrigert for dårleg ver), men Turklassen (utan tid) hadde mykje mindre deltaking, 16 mot 46. Mykje på grunn av veret, men og på grunn av omlegging av løypa. Her ser du bilete fråstarten av TRIMklassen der veteranane Tron Kjønnø, Torbjørn Garshol og Hika Kazinic deltok. Den nye løypa hadde utgangspunkt frå Frei skole, noko som passa særs fint. Fleire bilete finn du her. Du finn resultatlista her.
Førre helga var det NM for veteranar i Stjørdal. Norodd stilte med ein liten tropp, men prestasjonane var på topp! Harald Søbstad og Arvid Fjærli, begge over 85 år, Henry Opland over 80 år. I tillegg var Torbjørn Garshol, 85 år, med på stafett. For første gong var det kretslag som stilte i stafett og derfor "lånte" vi Ivar Bølset frå IL Triumf. Vi kalla derfor laget Møre og Romsdal, klasse 80 + Fleire bilete her.
Det er sommar, men treninga held fram både på Atlanten og FosnaFrisk. På Atlanten er vi tysdagar og torsdagar frå kl. 18.00, med utegarderobar. På FosnaFrisk (Oddbjørn) kvar laurdag frå kl. 13.00 ut juli. Hugs NØKKELKORT! Her finn du hjelp til treninga - treningsprogram.
Veidekkelekene 21. - 24. juni 2018. Resultat finn du her.
Kast KM. Norodd har fått 4 nye KM-meistrar. Det skjedde i Molde 19. juni. Her er bilete av to av dei (Foto: Randi Hansen) Nikolai Ulvund t.v. og Erlend Kristiansen.Resultat: Slegge (4 kg) G15 Erlend 35,33 m. Slegge (3 kg) MV 85-89. Nr. 1 Harald Søbstad 22,55 m. Nr. 2 Arvid Fjærli 20,09 m. Diskos (1 kg) G15 Nikolai 35,03 m. Diskos (1 kg) MV 85-89. Nr. 1 Arvid Fjærli 17,57 m. Nr. 2 Harald Søbstad 15,40 m.
Vardeløpet er ferdig sjøl om det vart knall-lita deltaking. I aktivklassen var alle 4 deltakarane frå Norodd. Trimklassa hadde 6 deltakarar - alle frå Norodd. Skal ein forklare manglande deltaking: Bislett games og Over dei 7 fjell på Frei søndag 10. juni. Dette er siste arrangement på Atlanten stadion før ombygging! Frå venstre: Kvinner junior: Ingrid Smevåg Gundersen. Menn Junior: Pål Rørvik. Menn veteran 35-49 år: Einar Engvig. Menn veteran 50 år ->: Bernt Egil Solvik. Resultatlista her.
Hei, både kjente og ukjente. Nå har du muligheit for å støtte arbeidet i IL Norodd der du sparar meir dess meir du kjøper. Norodd skal selje og du kjøpe ENJOY-kort der du får opp til 30% rabatt på det du kjøper for. Kortet kostar 275 kr., men det tjener du fort inn. Les meir her.
Tinestafetten vart i år, 8. mai, arrangert av Straumsnes IL med god hjelp av Norodd friidrett. Det var dessverre berre 23 lag som møtte til start, og dei fleste bylaga syntest det vart for langt å reise til Straumsnes! Første start var 6. trinn, og den klassen vann Frei skole. Men dei vann også 7. trinn. Her ser du 6. trinn vel over målstreken.
NORDMØRSSTAFETTEN er vel i mål. men deat var skuffande deltaking: berre eit vaksenlag, og det var frå Tingvoll. Bravo Tingvoll!. Men det var andre lyspunkt også. Norodd stilte med heile 7 Friskuslag. Resultatlista finn du her, og fleire bilete kan du finne her. Her ser du nokre hoppande glade Friskusar etter at dei har fått medaljane sine.
Nordmørsstafetten nærmar seg. Heile innbydinga finn du her.
For å bli god i friidrett, må du trene - riktig. Her får du god hjelp av eit treningsprogram for sprintarar. Berre klikk her.
På årsmøtet i IL Norodd hovudlaget 21. mars vart det stor sett attval. Oddbjørn Lomudal held fram som leiar mens Helge Kruse er nestleiar. Med seg i styret har dei: Linda Rokstad Knudsen, sekretær, Henry Opland, kasserar og Hilde Haugen, styremedlem. Varamedlemar er Ann Jorunn Gimnæs og Ola Mossige Hilstad. I tillegg kjem leiarane frå gruppene: Friidrettsgruppa - Tron Kjønnø, Sykkelgruppa - Jonas Holten, Triatgruppa - Paul Hole og frå Svømmegruppa - Johan Aronsen. revisor er Arnt Eilertsen og Erling Meese. Arvid Fjærli, Linda R. Knudsen og henry Opland fekk blomstertakk. Sistnemnde fekk også diplom for lang og tru teneste (49 og eit halvt år). Foran f.v: Hilde Haugen, Helge Kruse, Linda R. Knudsen og Ann Jorunn Gimnes. Bak f.v: Henry Opland, Oddbjørn Lomundal og Ola M. Hilstad.
Glad jubilant på Seniorlaget sitt Årsmøte/Skreikveld! Gratulerar! Skjeldan god fisk og masse lever og rogn! Takk til leverandøren NK! Fleire bilet finn du her.
Friidrettsgruppa hadde sitt Årlege møte (Årsmøte) 28. februar, og valde dette styre: Tron Kjønnø leiar, Ole Birger Ulseth nestleiar, Hege Gjerde sekretær, Henry Oplaand kasserar, Grete Leren Kroknes styremedlem og Pål Rørvik ungdomsrepresentant. Varamedlemmar: Ann-Mari Hammer, Joakim Kongshaug og Ketil Solli-Sæther. Her ser du dei som fekk utmerkingar. Fleire bilete finn du her. Desse fekk utmerkingar for 2017: F.v. Pål Rørvik, Nikolai R. Ulvund, pokal for beste utøvar, Sofie Kroknes, Erlend Kristiansen, Lars Bratsberg Aae, Lene Hoel, JA-pokalen, og Ingrid S. Gundersen. I tillegg fekk veteranane Guro Helene Mørkedal og Arvid Fjærli utmerkingar, men utan å vere tilstades.
For å bli god i FRIIDRETT, må du trene. Her får du god hjelp i eit treningsprogram for vaksne sprintarar som Stein Ohr laga mens han var ein av oss.
To blide damer på Haustfesten i Seniorlaget 3. november 2017. Fleire bilete her.
Hei, alle friidrettsutøvarar: Frå i morgon (31. nov.) legg vi om treningstidene våres slik: Tysdag og Torsdag frå Nordvesthall1 kl. 19.30 til kl. 20.30, med utetrening frå kl. 19.00. På Laurdagar på FosnaFrisk (Oddbjørn). Kl. 13.00 til 14.00 UTE. Frå kl. 14.00 til 15.00 styrketrening INNE. OBS OBS. På grunn av nøkkelkortbruk, er det nødvendig å vere presis: anten 2 min. på eit eller 2 min. på to. Vel møtt!!! Som hjelp til sprinttrening finn du eit treningsprogram her.
Hei, alle samman. Det er snart tid for TV-aksjonen 2017. I år blir det endring frå det Norodd har gjort tidlegare, då vi samlast i Noroddlokalet med kaffi og vaflar/bakkels. vi vil i år prøve ut initiativet til den enkelte. Dvs. DU må kontakte Servicetorget for å melde deg på - velje rode og hente bøssa. (Sjå lenger nede i brevet!) Kan også på innsamlingsdagen møte opp i Sparebanken å høyre om dei har ledig rode.
Møt opp og gjer ein god innsats for Norodd!
Svømmegruppa sitt exit frå Norodd. Her er arbeidsgruppa + Oddbjørn, som har arbeid fram Avtaleforslaget. Her finn du det. På biletet ser du frå venstre: Ann Jorunn Sagli, Steinar Sogn, Johan Rune Aronsen, Oddbjørn Lomundal, Helge Kruse og Arnt Eilertsen.
Here er ei trist melding. Nå er det slutt med garderobar på Atlanten stadion, og vi startar ikkje opp att før skolen startar. Likeså er det slutt med treninga på FosnaFrisk (Oddbjørn), men opnar opp igjen etter haustferien.
Vardeløpet er over, men med få deltakarar i aktivklassen, og spesielt frå Norodd. Resultatlista kan du finne her.
Frå Kaststemnet 01.06.2017 arrangert av IL Molde Olymp. Fire frå Norodd deltok. Det var Arvid Fjærli, Harald Søbstad, Nikolai Ulvund og Erlend Kristiansen. Resultatlista finn du her.
Gledesrunde 3 på Atlanten stadion tysdag 30. mai, med start kl. 18.45 for barn og kl. 19.00 for vaksne - med og utan tidtaking! Trekning av pengepremiar mellom dei som har vore med på alle 3 - medalje til barna. Startpengar kr. 20 for alle, bortsett for noroddungane som går gratis.
Tinestafetten er over for denne gong, og det kan bli lenge til neste stafett på Atlanten stadion. Først må nybanen fli ferdig og eit par år?! Men resultatlista finn du her.
Friidrettsesongen har opna, og første arrangement var Gledesrunde 1, 28.mars på og rundt Atlanten stadion. Her ser du deltakarane like før start. Resultatlista, med og utan tidtaking ser du her.
På Friidrettsgruppa sitt årsmøte 1. mars fekk vi dette styret: Tron Kjønnø (leiar), Ole Birger Ulseth (nestleiar), Henry Opland (kasserar), Hege Gjerde (sekretær) og Grethe Leren Kroknes (styremedlem). Sjå oppsettet her.
IL Norodd (Hovudlaget) hadde årsmøte onsdag 15. mars, og nytt styre vart vald. Oddbjørn Lomundal (leiar), Helge Kruse (nestleiar), Linda R. Knudsen (sekretær), Henry Opland (kasserar) og Hilde Haugen (styremedlem). Her ser du dei fleste i styret. Styret i Hovudlaget 2017. foran f.v. Linda R. Knudsen, Hilde Haugen, Helge Kruse, Ann Jorunn Sagli, Oddbjørn Lomundal og Henry Opland. Bak f.v. Paur Hole, Steinar Sogn, Jonas Holten og Ketil Solli-Sæther.
Stein Ohr vart gravlagt torsdag 2. mars 2017 frå Frei kirke. Her ser vi brørne Brynjar og Håvard Takle Ohr framføre "The whole love" i kyrkja. Fleire bilete frå gravferda finn du her. Etter gravferda var det samling i Noroddlokalet.
Frå premiedrysset på Friidrettsgruppas årsmøte 1. mars. Fleire bilete finn du her. Det nye styret er: Leiar: Tron Kjønnø. Nestleiar: Ole Birger Ulseth. Sekretær: Hege Gjerde. Kasserar: Henry Opland. Styremedlem: Grethe Leren Kroknes.
(250217)
Tradiasjonen tru har Seniorgruppa arrangert årets SKREIKVELD med godt humør! Her ser du 2 av typen og fleire finn du her.
Friidrettsgruppa har arrangert Hopp utan tilløp i Idrettshallen i Kristiansund torsdag 16. februar. Her finn du resultatlista.
Hei, her ser du alle Norodd friidrett sine arrangement for 2017:16/2 Hopp uten tilløp. Alle aldersklasser
28/3 Gledesrunde1
25/4 Gledesrunde 2
02/5 Nordmørsstafetten
30/5 Gledesrunde 3
07/6 Vardeløpet
09/9 Freikollen Opp
IL Norodd Årsmøtedatoar i 2017
TRIATLON: tysdag 14. februar
SYKKEL: onsdag 15. februar
SENIOR: fredag 17. februar (Påmeding!)
SVØMMING: måndag 27. februarFRIIDRETT: onsdag 1. mars
HOVUDLAGET: onsdag 15. mars
Alle møta startar kl. 19.00 i Noroddlokalet
Forslag til må sendast til dei respektive gruppene.
obs obs. Det første stemnet vårt er i Idrettshallen i Kristiansund torsdag 16. februar kl. 18.00. Der blir det høgde og lengde, utan tilløp. Møt opp, resultata tel til Veteranstatistikken!
Godt nytt år! Nå er endeleg datoen og staden for NM banestemne for veteranar klar, og det er Knarvik 23. - 25. juni, så det er berre å skaffe seg piggar med riktig lengde. Dermed er alle dei viktigaste stemna på plass. Knarvik er ein liten plass nord for Bergen.
Haustfesten i Seniorgruppa er over, og det smakte godt med saltkjøtt og stappe. Feiringa av Tron Kjønnø 60 år og Henry Opland 80 år. Nokre usensurerte bilete finn du her.
Her kjem viktige datoar du bør merke deg, så kjøp kalendar og merk av:4. - 5. mars 2017: NM innandørs på Nes Arena (som i 2016)
20. - 21. juni 2017: NM banestafettar på Hamar
Endeleg er treningssesongen for 2017 i gang, og då startar vi innetreninga i Nordvesthall1. Det blir trening tysdagar og torsdagar frå kl. 19.00 til kl. 20.30, men vi startar med oppvarming ute kl. 19.00. På laurdagar er det styrketrening på FosnaFrisk frå kl. 14.00 til 15.00. Men som vi har gjort tidlegare år så startar vi med ein times utetrening frå kl. 13.00. Nytt av i år er at vi må bruke nøkkelkort for å komme inn! Derfor må vi møte opp kl. 12.55 eller kl. 13.55 for å komme inn. Vi har berre 2 nøklar, den andre har Damegruppa. Dersom du blir forseinka av ein eller annan grunn, kan du prøve å ringe 906 43 849. Vel møtt til ny sesong! Treningsprogram finn du her.
Og DU skal vere med å hjelpe Norodd friidrett å gå med bøsser!! Norodd har tradisjon med å hjelpe til. Det har vi gjort i alle år! Sett av eit par timar på søndag og bli bøsseberar. Vi startar frå Noroddlokalet kl. 14.00. Og etterpå er det kaffi og nysteikte vaflar. Håpar du kan komme! Vi treng omlag 12 gangføre personar.
Teikn tydar på at det snart er haust, for nå er det ikkje lenge før innetreninga startar. Først ute (inne) er FosnaFrisk. Her startar vi laurdag 22. oktober. Så er det Nordvesthall1, der startar vi 1. november kl. 19.30 (med oppmøte kl. 19.30 for oppvarming ute). På FosnaFrisk kan det bli eit lite problem, vi må nemleg bruke nøkkelkort! Det betyr at vi må møte presis då det berre er nokre få som har kort. Du kan lese meir på treningsprogrammet som du finn her.
FosnaFrisk . Det nærmar seg innetrening, og først ute er laurdag 22. oktober. Då er det som vanleg start kl. 13.00 - 14.00 UTE. Så er det timen frå14.00 til 15.00 INNE. Nytt av året er nøkkelkort-åpning d.v.s vi får kort som vi kan opne ytterdøra med. Korleis vi skal organisere dett er ikkje heilt klart enno. Men det blir vel ei råd.
Dermed var også vårt siste arrangement ferdig. Freikollen Opp vart avvikla i brukbart ver, men med glatt og våt løype. Dessverre var det også ein liten nedgang frå i fjor. I år var det 4 kvinner og 33 menn i aktivklassen. I fjor var det 6 og 33. Trimklassen i år: 12 stk., i fjor: 8 stk. Heile resultatlista finn du her. Sånn ser vinnarane ut: Benedikte Liepelt og Erik Husby.
Tida går fort, nå er det mesta eit heilt år sidan Freikollen Opp vart arranger sist (5. sep. 15). I morgon er det på'n igjen. Vil du vite meir, kan du klikke deg inn på: www.Freikollenopp.no Vil du sjå resultata frå i fjor, kan du trykke her.
Ops Ops Endringar! Tidlegare annonsering at vi kunne vere på FosnaFrisk (Oddbjørn) til ut juli er feil. Det er slutt NÅ! og opnar ikkje før 27. august. Dermed har vi følgjande treningar: Tysdagar og torsdagar kl. 18.00 og laurdagar kl. 13.00, alle med oppmøte på Atlanten stadion. Ingen garderobe! Treningsprogram finn du her.
I dag er det Jonsok, og då er det på tide å tenkje på NM for veteranar 12 - 14. august. Sjølve idrettsanleggen ligg i Modum, men vi skal i Vikersund - nærmare bestemt på Tyrifjord hotell. Der har budde vi sist vi var i Modum for 10 år sidan. Vi stilte då med 2 stafettlag, og det har vi planer om å gjere i år også. Men samansetjinga blir ei heilt anna. Kanskje blir det i 60- og 80-årsklassane.
Hallo, Hallo. Nå er det slutt på bruk av garderobar i Idrettshallen - så du må dusje heime. Treninga på FosnaFrisk (Oddbjørn) varar ut juli.
NM stafettar på Øya stadion i Trondheim 21. og 22. mai. "Seniorlaget" i 80-årsklassensette ny norsk rekord både på 4x100 m og 4x400 m. På "juniorlaget" sprang foran f.v Geir Aakvik, Tron Kjønnø, Ola Hilstad og Stein Ohr. Bak "Seniorlaget f.v. Gunnar Eckhoff, Torbjørn Garshol, Henry Opland og Arvid Fjærli.
Og så er NORDMØRSSTAFETTEN 2016 ferdig, og resultata kan du lese her.
Det er ingen grunn til å slutte med treninga, for her får du hjelp av eit treningsprogram laga av Stein Ohr.
Årsmøtet i Friidrettsgruppa er over, og i styret var det lite nytt. I staden for Ingjerd Skjelvik som takka for seg etter lang tid som sekretær, kom Kristin Kvalvåg inn. Så ser styret ut sånn: Leiar Tron Kjønnø, nestleiar Ketil Solli-Sæther, sekretær Kristin Kvalvåg og kasserar Henry Opland. Her opnar leiaren årsmøtet. Fleire bilete finn du her.
Friidrettssesongen er i gang d.v.s er i gang for fult. Dei som treng litt hjelp får det frå treningsprogrammet som Stein O. har laga. Berre sjå her.
Haustfesten i Seniorlaget vart avvikla i sømmelege former. Det vart vist film frå Lykke til-aksjonen for 25 år sidan, og Tingvolleikane. I tillegg fortalde gruppene om aktiviteten dei driv på med. Saltkjøtt og stappe var menyen, med noko attåt. I tillegg kaffi og kaker. Det er bestandig spennande om du er ein av dei heldige i utloddinga av vinstar vi sjølve har med. Mange flotte bilete frå festen ser du her.
Her er resultatlista til TORVIKBUKT RUNDT 26.09.2015.
Resaultatlista frå Flemstubben finn du har.
Freikollen opp - meld deg på, sjå www.Freikollenopp.no Resultatlista finn du her.
DNB leikane 2015 er avslutta, og alle er nøgde. Her ser du instruktørane, og fleire bilete finn du her.
Nå er det for seint å melde seg på til DNB sommarleikar både fordi påmeldingsfristen er gått ut, og fordi grensa for talet på deltakarar er nådd.
Frå Seniorlagets årsmøte. Her ser vi den nye og den gamle formannen. Ronny Myrset og Åse Tøsse. Resten av bileta finn du her.
Norodd friidretts Årsmøte. Årsmeldinga finn du her.
Her kjem nytt treningsprogram for januar- mars.
Trening i "mellomjula": Lørdag 27. kl. 13.00 - 14.55. Tysdag 30. kl. 18.00 - 19.00. OBS tidspunkt!
Over 50 unge utøvere deltok på fellestreningi Ifdrettshalleni kveld, torsdag 16. desember. Oppvarming + 3 aktiviteter i sal, bandy, en konkurranse og sprint stod på programmet - full innsats over alt. Det hele ble avslutta med pizza, se bilder. Vi feiret også at Bystyret i dag enstemmig gikk inn for fullverdig friidrettsbane på Atlanten stadion. (Ann-Mari, også bilder)